Barnas konserthus: «Naboen Min»

Not scheduled - 29. April 2026 kl. 12:30
Sunday 04. October 202604. Oct 2026 13:00 Buy

Kuppelhallen
TICKETS KR 100 - 200 (INCL. SERVICE FEE)



Naboen min ønsker små og store velkommen til ein konsert med snert!

Naboen min er bandet til barnebokforfattar og låtskrivar Vegard Markhus, og produsent og gitarist Bjørnar Sangolt. Mange barn har høyrt songar som Male himlen blå, Gyli gyli gong gong og Rockesock. I 2026 er dei aktuelle med ny plate. Dei to tar med seg resten av bandet, og lover ein miks av gamalt og nytt.

Naboen min har som mål å få ungar til å synge, danse, smile og le. Musikken spenner frå rock og pop til viser, og ein kan òg finne inspirasjon frå både reggae og country. I tekstane finn ein både humor og alvor. Ein får høyre om dansande kroppsdelar, hoppande dyr og folk som treng trøyst. Og om ein vil lære seg nokre gloser på romvesensk, er ein komen riktig stad.

Bandet har tidlegare gitt ut platene «Rockesock» og «Alt blir feil». Musikken er mykje spelt på Radio Super. For plata «Rockesock» mottok bandet Spellemannsprisen i kategorien barnemusikk.

Høyr på den nye plata, samt songar som Male himlen blå, Gyli gyli gong gong og Rockesock, og bli med på festen!

Fotograf: Øyvind Zahl

Passer for: Barn fra 3 – 8 år og deres familier
Varighet: 45 min, ingen pause

Arrangør:
Stavanger konserthus

Barn Familie

#barnas konserthus #Høst2026